We’ve updated our Terms of Use to reflect our new entity name and address. You can review the changes here.
We’ve updated our Terms of Use. You can review the changes here.

Heimsleg

by Krøsteleg folkeparti

/
  • Streaming + Download

    Includes unlimited streaming via the free Bandcamp app, plus high-quality download in MP3, FLAC and more.

      49 NOK  or more

     

1.
Heimsleg 05:10
Eg vaks opp ein god kilometer frå eit landemerke Eller rettare sagt ei sivilisasjonsgrense Eit tydeleg skilje mellom by og land, og rett og gale Om du bur på feil side, kan konsekvensane vera brutale Hiv stein på huset mitt Det er ikkje svart eller kvitt Alle dei normene eg bryt For å passa ein stereotype Det er ikkje lett å passa inn utan å mista dialekta si Det er ikkje lett å passa inn utan å mista identiteten sin Eg har alltid kjent meg litt skvist mellom to kulturar For urban til å vera bonde og for rural til å vera byas Folk frå byen, dei trur at eg kjem frå Bryne Men reiser eg til Jæren, så risikerer eg å få ein på trynet Eg passar ikkje inn Eg finner ikkje plassen min Eg høyrer ikkje til nokon stad Eg har ein fot i kvar ei grav Det er ikkje lett å vera kule når du har nynorsk på ein bokmålsskule Nei, det er ikkje lett å vera kule når du har nynorsk på ein bokmålsskule Så kom ein dag, alle dei forskjellane blei viska vekk Datamaskin, mobiltelefon og internett var noko alle fekk Eit lite tastetrykk, så kom biletet og meldinga fram Men eg gjer vel blanke faen i Tiktok og i Instagram Eg passar ikkje inn Eg finner ikkje plassen min Før var eg berre frustrert Nå er eg mentalt urbanisert
2.
Pessimist 03:01
Eg har mista trua på at dette kan gå godt Eg har mista trua på alt du synest er så flott Du er alltid positiv, men nå har eg fått nok Du bør halda kjeften din og lukka han for godt Så hald kjeften din og lukk han for godt For eg er ein pessimist, eg veit det går drit til sist Eg har alltid null kontroll, fest og fyll og rock n’ roll For ein antikrist går det til helvete til sist Eg har inga tru på trua di, det skal stå på grava mi Eg har mista trua på livets subsistens Eg har mista trua på min eigen eksistens Før var eg positiv, men håpet svinner hen Nå er fortvilinga min nye beste venn Nå er fortvilinga min aller beste venn Du lurer deg sjølv om du trur at livet aldri tek slutt Du lurer deg sjølv om du trur at du vert fødd på nytt For alt har ein slutt For eg er ein pessimist, eg veit det går drit til sist Eg har alltid null kontroll, fest og fyll og rock n’ roll For ein antikrist går det til helvete til sist Eg har inga tru på trua di, det skal stå på grava mi
3.
Hadde pils til frukost i dag igjen Og nå er eg snart på siste slurken Kjøleskapet mitt er nesten tomt Og nå går det sikkert snart sundt Det har regna i fjorten dagar nå Og buksene mine har vorte for små Bosset mitt, det flyt rundt omkring Du har alt, og eg har ingenting Har ikkje jobb, strauk på eksamen Eg har eit hus, men det ramlar nesten saman Har ikkje øl, har ikkje pengar Har ingen å snylta på, for eg har ingen venar Det er mykje arbeid å ikkje ha ein jobb Men eg kunne aldri levd som ein snobb Har aldri fri, men livet går sin gang Og dette er ingen klagesong Korleis skal det gå? Me får nesten berre venta og sjå Har ikkje jobb, strauk på eksamen Eg har eit hus, men det ramlar nesten saman Har ikkje øl, har ikkje pengar Har ingen å snylta på, for eg har ingen venar Har ringe kne, er skeiv i ryggen Og kjeften min knasar når eg tygg Eg luktar ringt, har gule tenner Men ein klagesong er alt eg treng
4.
Berre fordi du pustar, treng du ikkje leva Og berre fordi du jobbar, må du ikkje streva Har du sett lyset? For det har ikkje eg Har du valt dette livet, eller har dette livet valt deg? Der er mange av dei som trur på ein gud og ingenting meir Eg er ikkje blant dei som trur at det berre finst rett eller feil Og der er dei som leiter etter meining med absolutt alt Eg er ikkje blant dei, eg er fornøgd om du snakkar sant Når dagen din kjem, sit du klar Men kor enn du leitar, finn du ikkje svar Eg høyrer at du snakkar, men du har ingenting å seia Om du svarar ja, kan du banna på at eg svarar nei Der er mange av dei som trur på ein gud og ingenting meir Eg er ikkje blant dei som trur at det berre finst rett eller feil Og der er dei som leiter etter meining med absolutt alt Eg er ikkje blant dei, eg er fornøgd om du snakkar sant
5.
Drikkevisa 03:36
Nå har eg slutta å røyka, nå lever eg sunt Eg røyker berre når eg drikk, det er meg vel unnt For pils og røyk, det går jo så godt i lag Så nå drikk eg kvar einaste dag Eg vil ikkje vera edru i morgon Eg vil drikka litt i morgon Eg vil ikkje vera edru i morgon La meg drikka litt i morgon Eg er så sliten, eg klarer nesten ikkje å gå Eg er så sliten, men der er ingen som kan forstå Har marinert leveren i store mengder øl Etter ein kasse greier eg ikkje å reisa meg sjølv Eg vil ikkje stå opp i morgon Eg vil sova litt i morgon Eg vil ikkje stå opp i morgon La meg sova litt i morgon Eg hadde tenkt eg skulle slutta å drikka snart Men eg ser føre meg at det kan verta ganske så hardt Eg veit at eg bør slutta å drikka nå Men eg vil ikkje slutta før eg absolutt må
6.
Eg har ein sykkel som kan ta meg kor som helst, potensielt Eg har heile verda føre meg, hypotetisk sett Eg har ein hund som han pissar og skit overalt Og eg er ganske sikker på at eg mister vettet ganske snart Har ikkje eit liv, har ikkje tid Har ikkje eit liv, har ikkje tid Til å ha eit liv, har ikkje tid Har ikkje eit liv, har ikkje tid til å skaffa meg eit liv Kvar jævla kveld sit eg heime i stova mi, intensjonelt Heile livet har eg trudd eg var noko spesielt Eg jobba hardt, leste bøker og drakk øl Det er ikkje så lett å vera sosial, når du sit for deg sjølv Dei seier venskap kan vinna over alt, potensielt Dei seier at kjærleik gjer blind, metaforisk sett Eg har aldri møtt nokon som tenkjer sånn som det Men eg trur alle av og til har lyst til å seia det som det er
7.
Store ord, når alle vil snakka Og me må ikkje gløyma å takka For dei liva som me lever Dei tek snart slutt Eg vil ikkje, vil ikkje snakka Vil ikkje snakka om det Eg vil ikkje, vil ikkje snakka Vil ikkje snakka om det Me betaler for livet med dauden Så kva skal vi me all den nauda Som kjem mellom og aldri tar slutt Og som aldri tar slutt Eg vil ikkje, vil ikkje snakka Vil ikkje snakka om det Eg vil ikkje, vil ikkje snakka Vil ikkje snakka om det Dei seier at folk må koma på banen, men det som skjer er jo faen meg Ingenting om der ikkje er nokon som sentrer ballen Der er ingen her som tenker som meg Men eg vil ikkje snakka om det Eg vil ikkje, vil ikkje snakka Vil ikkje snakka om det Eg vil ikkje, vil ikkje snakka Vil ikkje snakka om det Vil ikkje snakka om det Vil ikkje snakka om det
8.
Eg skulle ønska at eg hadde ein jobb Som eg kunne seia opp Eg skulle ønska at eg hadde ein sjef Som eg kunne slå ned Eg har lyst til å be Alle saman om å dra til helvete For det bør jo vera lett Å få heile verda til å halda kjeft Eg skulle ønska at eg hadde litt meir vett Og litt meir samvett Eg skulle ønska at eg gjekk på skule Og at eg var ein av dei kule Eg skulle ønska at eg hadde ein bil Ein jævleg feit bil Eg skulle ønska at eg hadde ein sofa Då skulle eg nok fått det bra
9.
Resignert 03:10
Løft meg opp så eg kan sjå Over skogen, over fjella Skal eg koma ut eller vera her inne Eg lover å visa meg ein siste gong meg før eg forsvinn Eg er resignert, ganske utdatert Liksom voksen, men ung til sinns Men om eg vert eldre Så vert eg aldri gamal, aldri gamal Send meg flaska, sett henne ned her med meg Så eg kan drikka meg litt opp før eg ramlar ned La meg drikka meg frå sans og samling Då skal eg synga ei vise om alt og ingenting Eg er resignert, ganske utdatert Liksom voksen, men ung til sinns Men om eg vert eldre Så vert eg aldri gamal, aldri gamal Aldri gamal, det er berre sånn det er
10.
Bølgebrytar 02:39
Tenker du nokon gong tilbake Til den tida då alt var svart-kvitt? Før du blei gamal og grå Vel, det skal ikkje få ta knekken på meg Livet gjev meir meining i lag med fire akkordar Så du kan skrika om du ikkje veit kva du skal seia Eg treng berre å få litt fred Berre roa litt ned Der kor bølga brøyt og drog tilbake Der kor bølga brøyt og drog tilbake Me veks opp til å bli grådige og late Me tek jobbar som me ender opp med å hata Så me kan kjøpa masse drit me ikkje treng For å imponera alle dei me ikkje likar Der kor bølga brøyt og drog tilbake Der kor bølga brøyt og drog tilbake Eg treng berre å få litt fred Berre roa litt ned Der kor bølga brøyt og drog tilbake Der kor bølga brøyt og drog tilbake Der kor bølga brøyt og drog tilbake Der kor bølga brøyt og drog tilbake
11.
Siste knekk 03:31
Eg pleidde å tru at eg kunne redda verda Men nå har eg byrja å sjå fram mot den siste ferda Gje meg dei trøytte, dei svoltne og dei desperate Dei rike vert rikare og dei fattige rabiate Der er inga framtid her Eg hadde store planar, men dei finst ikkje meir Vil ikkje vera her, vil ikkje reisa vekk Før eg har fått ein siste knekk Kan nokon ta meg med til nærmaste togstasjon Der kor lukke og fridom er neste destinasjon Det nyttar ikkje å vera edru med alt det slitet Det er ikkje løye at der er så mange som mister vettet Trur du at du er fri? Du var aldri det, og vil heller aldri bli Kva tid ska du finna ut at sånn du lever Snart er forbi
12.
Ubegrensa med makt begrensa til dei få Som har for mykje, og som dei tviheld på Kvifor vil nokon ha såpass mykje ansvar? Om du vil bli politikar, er du sannsynlegvis psykopat Me kan protestera, men me når aldri inn For doktrinen har forgifta våre sinn Me har rett til å gjera som me blir fortalt Me er historias proletariat Me har alle lyst til å ha mest mogleg fri Men kan du fortelja meg, kva er eit demokrati? For viss det å stemma faktisk hadde hatt noko å seia Så hadde det vorte ulovleg i ein fei Og ja, eg ser den opplagte ironien I at systemet eg kritiserer gjev meg moglegheita Til å bita den handa som før Me skal jobba og slita til me døyr

credits

released April 21, 2023

license

all rights reserved

tags

about

Krøsteleg folkeparti Sandnes, Norway

Folk-pønk frå Sandnes med nynorske tekstar sunge på jærdialekt. Starta i 2022.

contact / help

Contact Krøsteleg folkeparti

Streaming and
Download help

Report this album or account

If you like Krøsteleg folkeparti, you may also like: