Skipbroten

by Krøsteleg folkeparti

/
  • Streaming + Download

    Includes unlimited streaming via the free Bandcamp app, plus high-quality download in MP3, FLAC and more.

      7 NOK  or more

     

lyrics

Heila livet har eg segla mot det som går til helvete
Har levd utan reglar og klart meg utan ein leiar
Men kva skjer når skipet går på grunn og ingen tek ansvar?
Kva skjer når skipet går på grunn og alle stikker av?

For kapteinen går ned med skipet
Men der finst ingen kapteinar her
For om kapteinen går ned med skipet
Så er me alle kapteinar her

Bileta på veggen gjer meg ein ring følelse
Det er ikkje dei som lir, det er ikkje dei som slit
Men kva skjer når heltane blir skurkar, eller andre vegen?
Kva skjer når skurkane blir heltar, går me leie?

For at kapteinen går ned med skipet
Men der finst ingen kapteinar her
For om kapteinen går ned med skipet
Så er me alle kapteinar her

Sleng ut ei livbøye, så me har sjanse til å koma i land
Viss me går ned, går me ned alle mann

Me heiser flagget heilt til topps og ser den andre vegen
Me pustar letta ut når skipet deira forlet kaien
Men kva skjer når skipet går på grunn og ingen tek ansvar?
Kva skjer når skipet går på grunn og alle stikker av?

Kapteinen går ned med skipet
Men der finst ingen kapteinar her
For om kapteinen går ned med skipet
Så er me alle kapteinar her

credits

released April 5, 2024

license

all rights reserved

tags

about

Krøsteleg folkeparti Sandnes, Norway

Folk-pønk frå Sandnes med nynorske tekstar sunge på jærdialekt. Starta i 2022.

contact / help

Contact Krøsteleg folkeparti

Streaming and
Download help

Report this track or account

If you like Krøsteleg folkeparti, you may also like: